Kurt Inge Larsen - om Livsfilosofi, Fotball, Musikk og Hjerneslag
SunnhordlandPodden - En podcast av Kjetil Fyllingen - Måndagar
![](https://is1-ssl.mzstatic.com/image/thumb/Podcasts116/v4/91/85/67/9185670b-4738-f6a4-064c-72c1b7207a31/mza_5701887439990379548.jpg/300x300bb-75.jpg)
Kategorier:
Bli kjent med Kurt Inge Larsen, ein mann med ein livsfilosofi som inspirerer: å unngå å angre på det ein ikkje gjorde. Kurt deler historier frå sitt mangfaldige liv som fotballspelar, musikar og gamal revystjerne. Under artistnamnet Kurti Larsen har han skapt musikk som rører, inkludert hans nyaste song, En ny dag, som vart lansert same dag som episoden. Vi får høyre om hans oppvekst ved Kuleseikanalen, eit historisk landemerke i lokalmiljøet, om jobbreiser og krokodillejakt. Kurt deler óg om korleis han opplevde eit hjerneslag i 2020. Gjennom heile episoden reflekterer Kurt over viktigheita av å gripe dagen, følgje draumane sine og vere til stades for familien. Bli med på ei reise full av livserfaring, inspirasjon og takknemlegheit for kvar einaste nye dag. Sponsor: Kulleseidkanalen gjestehamn Kulleseidkanalen gjestehamn på Bømlo er ei lun hamn omgitt av vakker natur berre få minutt frå storhavet. Ingenting er som å tøffa rundt i Sunnhordland med båt på sommaren – legg turen innom Kulleseidkanalen. Eller kanskje du har bubil – det er rundt 50 bubilplassar nær sjøen. I år opnar dei 17 heilt nye utleigehytter av høg standard, så no er det overnatting for alle her. I Kulleseidkanalen driv dei restaurant og bar som har ope kvar dag i sommarsesongen. Det startar med eit smell med Ankerfest – musikkfestivalen i Kulleseidkanalen på Bømlo. Sett av helga 20. – 22. juni. Det blir folkefest, med svært ettertrakta artistar, liv i hamna og på campingen, open restaurant og eit yrande folkeliv. Elles i året er det søndagsbuffé med variert middags- og dessertbord, utleige til bryllaup, selskap og alle andre feiringar. Dei tilbyr óg skreddarsydde løysingar for bedrifter, anten det er kurs, konferansar, mat eller overnatting. Du finn dei på sosiale media under Kulleseidkanalen gjestehamn og på nettsida kulleseidkanalen.no.