Kjell-Torodd Fitjar Bremskau - Kva er nøkkelen til å lykkast som gründerbedrift?
SunnhordlandPodden - En podcast av Kjetil Fyllingen - Måndagar
![](https://is1-ssl.mzstatic.com/image/thumb/Podcasts116/v4/91/85/67/9185670b-4738-f6a4-064c-72c1b7207a31/mza_5701887439990379548.jpg/300x300bb-75.jpg)
Kategorier:
I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter vi Kjell-Torodd Fitjar Bremskau frå Alde Akva. Han deler historia bak selskapet, som han starta, saman med Geir Ingolf Strand og Eirik Østerhaug, i 2020, midt under pandemien. Dei hadde jobba tett saman før og såg moglegheita til å skape eit fleksibelt konsulentmiljø innan akvakultur. Kjell-Torodd fortel om oppstarten, utfordringane, og kor viktig støtta frå inkubatoren Atheno og familiane var. Han peikar på verdien av grundige førebuingar og å starte forsiktig. Episoden gir eit ærleg og inspirerande innblikk i gründerreisa – frå dei første idéane til nervøse, men spennande lanseringsdagar og korleis dei har utvikla selskapet. Sjekk ut: https://aldeakva.no