Geir Albert Raknes - Frå Båtmekaniker til Biomekaniker

SunnhordlandPodden - En podcast av Kjetil Fyllingen - Måndagar

Kategorier:

Geir Albert Raknes deler sin fascinerande reise frå ein oppvekst prega av energi, lærevanskar og utfordringar til livet som muskelterapeut og massør. Geir opnar opp om korleis ein ADHD-diagnose i vaksen alder vart eit vendepunkt som gav han innsikt og retning i livet.
 Han fortel om korleis interessa for anatomi starta som 14-åring, etter eigne ryggsmerter, og korleis denne fascinasjonen førte han til studiar i Oslo og seinare etableringa av Klinikk Svinten på Bømlo. Vi får høyra om oppstarten på Bømlo, korleis koronapandemien påverka verksemda, og ikkje minst hans nye satsing på Stord saman med gjengen på B3 Helse. Episoden gir eit inspirerande innblikk i korleis personlege utfordringar og lidenskap kan skapa ein karriere som gir varig verdifull hjelp til andre. Sjekk ut:  Svinten.no og b3helse.no