Anne Lise Haukås – om Helse, Fitjar og Fastlegekrisa
SunnhordlandPodden - En podcast av Kjetil Fyllingen - Måndagar
![](https://is1-ssl.mzstatic.com/image/thumb/Podcasts116/v4/91/85/67/9185670b-4738-f6a4-064c-72c1b7207a31/mza_5701887439990379548.jpg/300x300bb-75.jpg)
Kategorier:
Anne Lise Haukås er fastlege og kommuneoverlege i Fitjar. Ho deler historia si, frå medisinstudiet i Bergen til turnusteneste på Haukeland og distriktslegepraksis i Finnmark, før familien flyttet til Fitjar i 2023. Anne Lise fortel om kvardagen som fastlege, korleis ho balanserer arbeidskvardagen, og kvifor ho brenn for folkehelse. Ho gir innsikt i utfordringane og moglegheitene i Fitjar-samfunnet, og reflekterer rundt fastlegekrisa og kva som må til for å sikre ei berekraftig helseteneste framover. Kva betyr det å flytte til ein ny stad, bygge nettverk og engasjere seg i lokalmiljøet? Korleis kan me som enkeltpersonar ta betre helseval? Dette – og mykje meir – får du høyre om i denne episoden av Sunnhordlandpodden. Støttespelar: Fitjar Kraftlag Denne episoden er laga med støtte frå Fitjar Kraftlag. Kvart år deler Fitjar Kraftlag ut støtte til ålmennyttige tiltak, og eg er svært takksam for at dei ville bidra til produksjonen av Sunnhordlandpodden. Kjekt at dei ser verdien av framsnakk! Fitjar Kraftlag er ein lokal straum- og breibandsleverandør, eigd av fitjarbuen sjølv og andre medlemmar i kraftlaget. Overskotet frå kraftlaget kjem lokalbefolkninga på Fitjar til gode gjennom utdeling av ålmennyttige midlar. Målet til Fitjar Kraftlag er å vera ein viktig bidragsytar i lokalsamfunnet og leggja til rette for vekst på Fitjar.